Om Osdals catering

Osdals Catering er eit nyetablert selskap som vart oppstarta i 2009.
Det har base i Volda og er eigd og drive av Stian Osdal.
Som det kjem fram av namnet på selskapet, så handlar dette om tilbereiing og levering av mat i store og små samanhengar. Osdals Catering tek på seg å levere profesjonell kvalitetsmat for alle høve. Her kan ein til dømes nemne bryllaup, klassefestar, gravferder, heimefestar, firmafestar, konfirmasjonar, julebord, barnedåp og årslag.

Sjølv om selskapet er nyetablert, så manglar det ikkje på erfaring hjå dei involverte i selskapet. I selskapet er det kokkar som har jobba innan kokkefaget i ei årrekkje, så service og kundebehandling kjem som ei naturleg fylgje av det. Så alt er i trygge hender om du vel oss til levering av mat.

Maten vert laga etter alle kunstens reglar, og etter strenge krav på eit storkjøkken med alle innreiingar til stades. Kjøkenet er sjølvsagt godkjent av mattillsynet.

Maten vert frakta til kunden etter avtale. Dette er kostnadsfritt ved bestilling over 1500 kr. Ved bestilling under dette kjem eit frakttillegg på kr 50.

Vi ser ikkje for oss nokre geografiske grenser, men vil i fyrste omgang konsentrere oss om den næraste regionen. Etterspurnaden er nemleg stor, berre hittil i 2009 har osdals Catering levert mat til eit tosifra antal bryllaup.


Osdals Catering legg sitt gode namn og rykte i å vere profesjonell når det gjeld kvalitet, service, oppfylgjing og kundebehandling, og vil stå til tenest med det meste.

Som ei omskriving av setninga "kunden har alltid rett" likar vi å seie at "kunden skal alltid bli mett"
God apetitt og velbekomme!

Helsing oss på Osdals Catering